Anette, Kai, Peter & WOW-faktoren

«Vi jaktar på WOW-faktoren hjå kundane våre. Dei skal sjå løysingane våre og sei: «WOW! Vi hadde aldri trudd de kunne løyse dette for oss!» Kai er entusiastisk og fortel om fleire prosjekt med WOW-faktor i sikte!

Read More
Toril Overå
Herman & oppturen

«Han er vår fyrste lærling og vi er veldig stolte over å ha han med i teamet vårt!» seier administrerande direktør Sigbjørn. «Herman har vist stor læringsevne og arbeidskapasitet. Eg gler meg til å sjå utviklinga vidare og håper han blir verande etter at lærlingtida er over.»

Read More
Toril Overå
Jostein, Rune & skapartrongen

Evna til å føre ein idé i mål frå teiknebordet til eit velfungerande produkt eller prosess er ikkje gitt for alle. Men vi har ei kjensle av at designargjengen i Prodtex har fått utdelt litt fleire evner når det kjem til å kunne materialisere idear ut i livet!

Read More
Toril Overå
Sigbjørn, Krzysztof & alle overflatene

Malingsfaget er ein heil vitskap som krev tolmod, nøyaktigheit og ein stor sans for detaljar. Ei overflate skal inspiserast fleirfaldige gongar frå stålet er sveisa i hop til produktet står klar til levering. Det krev spesielle eigenskapar av dei som har dette til sin jobb; å aldri bli likegyldig eller ta sjansen på å oversjå eller hoppe over ein gjennomgang. År etter år. Leveranse etter leveranse.

Read More
Toril Overå
Ho mor på Fiskåholmen

Det er kun smil og latter når vi møter Marian ute i strålande sol på holmen. Dette er sjølvaste mora på Fiskåholmen. Ho passar på at alle har det bra! «Det er eit ungt arbeidsmiljø med oss. Det gir oss andre som har kome litt opp i alder både piff og inspirasjon!

Read More
Toril Overå
Lars Åge, Stein Morten & stålkontrollen

Det har vore ei rivande utvikling i sveise-metodikken,» seier dei i kor! Lars Åge og Stein Morten sit med kaffikoppen i fanget og glimtet i auget. Dei to ringrevane fortel om korleis det var å jobbe i stålindustrien for fleire tiår sidan: “Det å ta fagbrev som platearbeidar og sveisar på 90-talet handla om grov- og detaljutforming av ulike material og konstruksjonar. Det var sjølvstendig arbeid som krevde presisjon og ein god del estetikk.

Read More
Toril Overå
Tobias, Arild, Glenn & køyretøysperra Staut

Køyretøysperra Staut er eit resultat av behovet for å skape ei meir solid og driftssikker køyretøysperre rundt Regjerings-kvartalet. Statsbygg skriv: “Rundt departements-bygningene skal det etableres perimetersikring med et ytre og et indre perimeter. For å sikre funksjonene i regjerings-kvartalet vil det være behov for driftssikre, bevegelige kjøretøysperrer for å regulere trafikk inn og ut av området.”

Read More
Toril Overå