Anette, Kai, Peter & WOW-faktoren

«Vi jaktar på WOW-faktoren hjå kundane våre. Dei skal sjå løysingane våre og sei: «WOW! Vi hadde aldri trudd de kunne løyse dette for oss!» Kai er entusiastisk og fortel om fleire prosjekt med WOW-faktor i sikte!

Å sette seg til bords med denne trioen er ei rein fryd! Praten går lett om alt frå pågåande prosjekt til prosjekt som ikkje finst enda. Desse tre er satellittane våre som i utgangspunktet er stasjonert i Oslo, Trondheim og Gøteborg. Så var det denne kjærleiken då som gjer at ein av dei aller mest er å finne på Sunnmøre.

Eg meiner at WOW-faktoren er ein stor del av Prodtex, også internt. Eg føler på stoltheit og beundring når eg jobbar med kollegaane mine som ikkje berre er fagleg sterke, men også svært gode medmenneske!
— Anette

Anette er sivilingeniør innan bygg med spesialisering i konstruksjonsteknikk. Ho starta si karriere i Dr. techn. Olav Olsen. I 2016 møtte ho nokre av sine noverande kollegaer på Kleven, og då var det snakk om robotsveising. I neste møte i 2018 hadde Prodtex starta opp og då var det brukryssing over Bjørnafjorden som stod på agendaen. Gode relasjonar vart etablert og Anette var ønska som prosjektdirektør i Prodtex. «Eg tenkte ei god stund på om eg skulle forlate arbeidsplassen min gjennom 15 år, men det var eit slikt spanande tilbod at det var berre å hoppe. Eg trur ikkje eg veit om ei bedrift som har meir potensiale enn Prodtex. Spennet i produkt og kompetansenivået er heilt unikt! Eg meiner at WOW-faktoren er ein stor del av Prodtex, også internt. Eg føler på stoltheit og beundring når eg jobbar med kollegaane mine som ikkje berre er fagleg sterke, men også svært gode medmenneske!» Anette pratar engasjert og varmt om arbeidsplassen sin. Ho starta i jobben som prosjektdirektør for to år sidan og sit til vanleg i Oslo, men er i Ulsteinvik og på Fiskå minst ein gong i månaden. «Det går heilt fint å jobbe frå Oslo, men eg set stor pris på desse vekene eg har på Sunnmøre. Å møte kollegaer er svært viktig for å få prosessane rundt prosjekta til å gli saumlaust!» smiler Anette.

Anette held innlegg på NHO si regionale årskonferanse 2024 i Ålesund.

Kolbjørn Høyland jobbar som Direktør for Forretningsutvikling i Olav Olsen og har dette å seie om Anette: «I kraft av sin dyktighet og store arbeidskapasitet fikk Anette raskt ansvarsfulle oppgaver både i prosjekter og i ulike lederfunksjoner. Hun var i ledelsen for flere av fjordkrysningsoppdragene våre, hvor også Prodtex var en særdeles viktig underleverandør for oss. Når markedsverdien til våre dyktige medarbeidere åpenbares for våre kunder og samarbeidspartnere er det alltid en risiko for at de velger seg nye utfordringer. I lys av det gode samarbeidet vi har hatt og har med Prodtex ser vi at det kan representere en vinn-vinn for begge selskapene på sikt.»

Anette er òg prosjektleiar for Provaris sin hydrogentank og driv med innsal på fleire segment. «Vi jobbar med fleire interessante prosjekt når det kjem til bruer. Det meste innan samferdsel er vorte lagt på is dei siste åra, men no ser det ut til å løyse seg litt opp. I Danmark har dei noko som heiter «Sund og Bælt» som jobbar for å bygge nye brusamband, litt som «Nye Veier» her i Noreg. Vi skulle ha hatt noko liknande for bruer også her!» meiner Anette. «Per no sit alle på kvart sitt nes og vil ha sitt brusamband verkeleggjort. Det hadde vore svært mykje hjelp i å få nokon til å styre dei mest lønsame sambanda fram i køa og bygge ut desse. Slik det er i dag, er ein prisgitt svært engasjerte enkeltpersonar eller grupper som skal holde dampen oppe i årevis før brusambandet kanskje vert ein realitet.»

WOW-faktoren ligg ikkje nødvendigvis i størrelsen på prosjektet eller produktet. Den kan like godt ligge i ein høg grad av funksjonalitet i produktet eller effektivitet innan prosessen.
— Peter

Peter, som bur i Kinna utanfor Gøteborg, er rett og slett doktor i sandwichkonstruksjonar. Han er i botnen utdanna sivilingeniør i stålkonstruksjonar, men gjekk vidare til å ta ei doktorgrad i 2014. Då kom han i kontakt med både Statens vegvesen og Kleven.  Doktorgrada heiter «Lasersveiste sandwichplater i bruer» og han tok den ved Chalmers, Universitetet i Gøteborg. Han har jobba som brukonstruktør i firmaet WSP i Gøteborg i mange år.

«Eg har kjent Peter dei siste ti åra og det er strålande å ha fått han med på laget vårt. Han komplimenterer det dyktige designteamet vi har frå før. Med sin bakgrunn kan han designe svært gode løysingar for våre produksjonsmetodar. Viss ein vil ha effektive stålkonstruksjonar basert på nye produksjonsmetodar er han mannen å spørje!» fortel Tore, utviklingsdirektøren vår. «Etter doktorgrada til Peter har vi hatt fleire felles forskingsprosjekt ilag. Vi forstod heilt frå vi møtte Peter at han var ein vi gjerne ville ha med i teamet om det lot seg gjere!»

Peter foran den fyste merda som no er levert til Lerøy.

Peter starta hjå oss i februar i år, så han er vårt aller siste tilskot til Prodtex-stammen. Kvifor akkurat Prodtex, spør vi? «Det er den klart mest interessante bedrifta innanfor stålindustri i dag,» konkluderer Peter. «Om det skulle vere ein plass eg ville gå til, måtte det vere Prodtex!» Peter skal jobbe som berekningsspesialist og med forsking & utvikling. «Eg gler meg til å jobbe tett på heile produksjonsprosessen, frå design til ferdig produkt. Det er heilt klart mykje lettare å få kvalitet i alle ledd når ein kan følgje prosessen og endre detaljar undervegs, fordi ein har eit slikt tett forhold til både design og produksjon. Her har eg full tilgang til all kunnskap for å få funksjonalitet i produkta!» smiler Peter.

«Små prosjekt eller detaljar er like interessante som store. WOW-faktoren ligg ikkje nødvendigvis i størrelsen på prosjektet eller produktet. Den kan like godt ligge i ein høg grad av funksjonalitet i produktet eller effektivitet innan prosessen. Eg veit at vi kan gjere stor forskjel for kundane våre når det kjem til både økonomi, HMS og miljø!» Den sat, Peter!

Kai er trønderen vår som begynte som Kommersiell Direktør (CCO) i januar 2023. «Prodtex har foreløpig ikkje ein produktkatalog å vise til, sidan det meste vi gjer ikkje er funne opp enda» smiler Kai. «Vi er utruleg dyktige til å finne praktiske løysingar som faktisk fungerer. Nøkkelen ligg i at vi har svært dyktige medarbeidarar som saman med gode kundar dannar eit utviklingsløp som leiar fram til den ultimate løysinga. Det er gøy når kunden får redusert produksjonstida si betydeleg og at vi i fellesskap har oppnådd dei måla som vart satt ved oppstart av prosjektet. Då er vi tilbake til WOW-faktoren som eg nemnte i starten! Robotisering av prosessar gir mange fordelar, spesielt innan redusert tidsbruk, men ikkje minst innan HMS. Laserreins gir for eksempel ein reduksjon i energibruk på opp mot 90 – 95%, og i tillegg sparar ein arbeidarane for dei helsemessige konsekvensane som sandblåsing utgjer. I tillegg kan tunge løft og krevjande arbeid for arbeidarar verte erstatta med smarte løysingar som robotar kan gjere istadanfor. Ofte er det slik at ein kunde ikkje trur det er mogleg å løyse oppgåva gjennom automasjon og robotisering, men det viser seg svært ofte å være mogleg – med rett samarbeidspartner.»

«Vi har hatt ein svært spanande utviklingsprosess ilag med Prodtex det siste året. Vi har hatt behov for å automatisere ulike operasjonar i vår produksjon og resultatet har vorte i henhald til forventningane! Kai har vore «hands on» ilag med resten av teamet frå Prodtex. Kai si tilgjengelegheit og evne til å vere løysningsorientert har gjort prosessen rundt prosjektet svært tilfredsstillande. Vi har hatt eit meget bra samarbeid og håper på fleire prosjekt saman!» seier Håvard Skage som er Prosjektleder i Aker Solutions.

Grunnen til at eg jobbar i Prodtex er den profesjonaliteten og enorme kunnskapen som ligg her. Kreative og fagleg kompetente menneske som designar og produserer ting som enda ikkje finst
— Kai

Kai utanfor Aker Solutions i Verdal.

Kai har blant anna vore regiondirektør i Minolta Norway, divisjonsdirektør i Autronica Fire and Security globalt i 19 år og marknadsdirektør i Bewi Energy.  I botnen har Kai ein bachelor i økonomi og marknadsføring og er sertifisert Assurandør Næringsliv. Då han jobba i Bewi Energy fatta han interesse for robotisering av operasjonar innan offshoreindustrien. Kai kom i kontakt med Fanuc som leverer robotar og ferda gjekk vidare inn til Prodtex. «Møtet med Sigbjørn og Tore vart avgjerande for eit val eg tok. Eg hadde funne kjærleiken og ho bur på Skodje. Då eg starta dialogen om ein jobb i Prodtex, kunne det ikkje ha klaffa betre. Men eg hadde ikkje tatt jobben for einkvar pris. Grunnen til at eg jobbar i Prodtex er den profesjonaliteten og enorme kunnskapen som ligg her. Kreative og fagleg kompetente menneske som designar og produserer ting som enda ikkje finst!» konkluderar Kai med eit stort glis.

Fagleg dyktigheit. Varme medmenneske. Funksjonalitet. Effektivisering. Profesjonalitet.

WOW seier no vi! Vi gler oss til å sjå alt som ikkje finst enno, verte ein realitet, med god hjelp av desse tre!

Ein del av Team Prodtex samla utanfor kontorlokala i Ulsteinvik; Sigbjørn, Kai, Emilie, Anette, Tore, Peter, Jostein, Simon og Bjørn.

 
Toril Overå