Vegar, Simon & flyten

Ein skal stå tidleg opp for å sette fast desse to. Den eine med djupna og den andre med overblikket. Desse to limer i hop alt som skal til for å få dei andre i flyten!

Vegar har vore med frå starten av og er Lead System Engineer i Prodtex. Kva inneber det, skal tru? Vegar forklarar: «Eg har hovudansvaret for å halde 3D softwaren i drift, samtidig som eg skal vidareutvikle system og metode for engineeringsarbeidet, både når det gjeld design men også i produksjonen. Enkelt sagt: korleis gjere modelleringa enklare og gjennomførbar!» Dette er avanserte saker og Vegar går djupt i materien for å kunne simplifisere design- og robotiseringsprosessane. Programmet han brukar er 3DEXPERIENCE frå Dassault Systèmes i Frankrike. Han har mykje kontakt med kollegaene i Prodtex AB som leverer softwaren.

Han kan skape ting utifrå ein idé! Vegar kan hoppe inn i eit komplekst problem og kome ut med løysinga. Han lærer kjapt og er kreativ!
— Henrik, CTO i Prodtex AB

«Vegar har veldig mange gode eigenskapar. Han kan skape ting utifrå ein idé! Vegar kan hoppe inn i eit komplekst problem og kome ut med løysinga. Han lærer kjapt og er kreativ!» Desse orda kjem frå Dr. Henrik Kihlman, CTO i Prodtex AB, systerbedrifta vår i Sverige. Han var doktorstudent i 2013/2014 då han møtte Simon, og seinare Vegar, på Kleven. Henrik har ei doktorgrad i robotteknologi og jobbar med forsking og utvikling i Prodtex AB. Han underviser også ved Chalmers, Universitetet i Gøteborg, med masterstudentar innan robotteknologi, virtuell produksjon og digital tvilling.

Vegar gjekk fyrst TAF på Ulstein vidaregåande skule. Han jobba deretter som lærling på Kleven og tok fagbrev som industrimekanikar der i 2010. Vegen gjekk så vidare til Trondheim og 3-årig maskiningeniør utdanning. Vegar og Tobias skreiv bacheloroppgåve ilag for Kleven på sandwichkonstruksjonar. «Etter å ha tatt bacheloroppgåva og hatt sommarjobb der i fleire år, fekk eg starte som trainee i Kleven. Traineeordninga gjorde at vi fekk prøve oss på ulike yrke, deriblant inspektør i Polen ein sommar. Dette var utruleg lærerikt og spanande! Der måtte vi bevise at vi hadde både praktisk og teoretisk erfaring. I Polen har alder mykje å seie for kven som har rett, så vi fekk prøvd oss!» Vegar fekk permisjon frå stillinga si som prosessingeniør hjå Kleven til å ta master i produkt- og systemdesign ved Høgskulen i Ålesund (no NTNU).

Det kjennes ikkje ut som ein jobb. Det finst ikkje «Å nei, det er måndag» for meg!
— SIMON

«Eg jobbar også med sals- og presentasjonsunderlag: bilete, dataanimasjonar og videoar. Til dataanimasjonane brukar eg Unreal Engine, faktisk det same som dei brukar til å lage Fortnite (to all the nerds out there!) Eg gjer det ingen andre gjer, og det er alltid noko å lage og det er alltid noko nytt!» flirar Vegar. «I det siste har eg også jobba med designarbeid på hydrogentanken. Eg treng ein slik jobb som eg har der eg får utvikle meg og eg likar godt å gå i djupna og er svært detaljorientert. Det har eg lært meg til å balansere, sidan eg ikkje kan gjere alt slik eg vil i minste detalj, når medarbeidarar skal ha det eg lagar, helst i går!»  For alle som ikkje har sett «venstrehandsarbeidet» til Vegar, så leverer han alltid kvalitet av ypparste klasse. Ferdig snakka!

Frå venstre ser vi Vegar, Anders og Simon ute i felt. Dei monterer ein sveiserobot hjå Astero i Molde.

«Det kjennes ikkje ut som ein jobb. Det finst ikkje «Å nei, det er måndag» for meg!» Simon seier det med overbevisning. Simon har stillingstittelen Workshop & System Designer. I kvardagen dreiar dette seg om konseptutvikling, det vil seie korleis skal ting sjå ut og samtidig fungere i produksjonen. Han gjer innkjøp til prosjekta og  er ansvarleg for 50% av IT-drifta. Simon er også prosjektleiar for Storvik-prosjektet.

Simon var innom både ein ubåt og forkurs ingeniør før han starta å jobbe på serviceavdelinga på Rolls Royce Marine i Ulsteinvik i 2006. Her tok han fagbrev som industrimekanikar, før han tok teknisk fagskule i Ålesund. Etter dette kom også han inn under trainee-ordninga til Kleven. «Eg jobba dette året blant anna som robotingeniør, inspektør i Polen og var med på å utvikle det mekaniske designet i robothallen på Kleven. Det var her eg møtte Michael Westergren frå Prodtex AB. Vi fekk kunnskap om offline programmering av robotar, og dette var nøkkelen til at vi kom i mål. Sidan har Micke og eg samarbeida, før i Kleven, no som kollegaer i Prodtex AB og AS. I 2016 vart eg leiar for automasjonsavdelinga på Kleven og jobba med dette før eg var med å starte Prodtex i 2018.» fortel Simon.

Så vi fire kjenner kvarandre godt og har mykje med kvarandre å gjere jobbmessig. Dette gjer samarbeidet svært løysingsorientert og gjer at vi får til det vi vil saman!
— Michael, CEO Prodtex AB

Korleis automatisere prosessen? Korleis kombinere automasjon og mekanikk til noko som fungerar? Korleis redusere tidsbruk, energibruk og auke sikkerheita for kundane?

«Vi løyser det meste faktisk. Eg trur dei fleste tilsette i Prodtex har eit engasjement over gjennomsnittet. Eg får jobbe med både designarane, operatørane og kundane. I samspelet mellom det mekaniske og det automatiserte blir eg eit bindeledd i salsfasa, men eg er også ei teknisk støtte i prosjektet til det er handover. Eg prøver å sjå heilheita og koordinere og avhjelpe så godt eg kan. Og eg er skikkeleg glad i å finne nye dingsar som gjer livet til mine kollegaer enklare og betre!» smiler Simon.

«Både Simon og Vegar har høg teknisk kompetanse på det dei driv med!» konkluderer Michael Westergren, CEO i Prodtex AB. «Simon har eg hatt kontakt med sidan vi heldt på med robothallen på Kleven i 2013/2014. Ei intens periode som gjorde til at vi fekk ein spesiell kopling til kvarandre. Etter kvart begynte Vegar å jobbe på Kleven og vart ein viktig bidragsytar softwaremessig, medan Henrik jobba med si doktorgrad og var også innom i periodar. Så vi fire kjenner kvarandre godt og har mykje med kvarandre å gjere jobbmessig. Dette gjer samarbeidet svært løysingsorientert og gjer at vi får til det vi vil saman!»

Simon har eit godt overblikk og holistisk syn på det meste. Han ser lett kva som er vanskeleg og kva som er lett å få til. Han samordnar og implementerer det beste for prosjektet og internt for dei tilsette.
— Henrik, CTO i Prodtex AB

Prodtex AB er stasjonert i Gøteborg og jobbar med konsulentverksemd opp mot high tech produsentar som Scania, Volvo Trucks, Toyota Material Handling og Eriksson. Dei presenterer gode løysingar gjennom 3D Experience til produksjon av ulike deler til eksempelvis Jaguar og Land Rover. Dei er tjue tilsette i Gøteborg. Prodtex UK held til i Bristol og jobbar opp mot romfart. Så dei tre Prodtex selskapa har brei, spanande og høg teknologisk kompetanse!

«Simon har eit godt overblikk og holistisk syn på det meste. Han ser lett kva som er vanskeleg og kva som er lett å få til. Han samordnar og implementerer det beste for prosjektet og internt for dei tilsette. Han har ei høg grad av gjennomføringsevne og ser kva behov vi har. Både Simon og Vegar er behagelege å samarbeide med, dei er interesserte og hyggelege!» avsluttar Henrik på telefon frå Gøteborg.

Kreative. Detaljorientert. Djuptgåande. Bindeledd. Utvikling. Få andre i flyten. Hyggelege.

Vi konkluderar med at det er berre å begynne å stå opp tidleg folkens!

 
Toril Overå