Geir Jonny, Mathias, Jonas, Runar & det å få vere seg sjølv

Kva skjer om ein set i hop to lauvstadbygderar, ein rovdestranding og ein vinbyggar (ein frå Vinje kommune i Telemark)? Du får lese vidare då og finne det ut!

Geir Jonny starta si faglege utdanning i Ørsta på TIP (Teknologi  og industriell produksjon) og PIN (Produkt og industriteknologi) før han starta i Kleven avd. Rovde i 2010. Her jobba han som hjelpearbeidar i robotsveisinga. Geir Jonny fylgde med vidare til Kleven i Ulsteinvik og var med på bygginga av robothallen der. I 2015 tok han fagbrev som platearbeidar. Han hadde deretter to år permisjon medan han tok Maskinteknikk på Fagskulen i Ålesund. Geir Jonny jobba i P.E. Bjørdal før han starta i Prodtex i 2020. Den gongen var dei tre tilsette: Hans Olav, Per og Geir Jonny. Eit godt startteam, synest vi! I Prodtex jobbar han som produksjonsingeniør, men meiner sjølv at han er meir som ei potet! «Eg er innom dei fleste prosjekta både før, under og etter. Vi sørgjer for at robotane funkar som dei skal. Vi feilsøkjer og finn ut av alt som ikkje er som det skal. For å seie det slik: Hjernen sluttar aldri å jobbe når ein er tilsett her! Her er nok av ting å finne ut av på både pågåande og komande prosjekt!» smiler Geir Jonny.

Desse fire du har samla her er veldig flinke på sine område. Dei har rett og slett vorte spesialistar! Dei er svært sjølvstendige og har ein kunnskap som er unik, og den er det ikkje mange som har!
— PLASSJEF HANS OLAV

Geir Jonny & Mathias i jobbemodus.

«Vi fire som sit i denne forgangen til hallen, løyser alle verdsproblem som kjem opp!» Dei flirar alle fire. «Folk her er opptatt av å hjelpe kvarande og alle er innstilt på å jobbe til ein finn ut av ting. Det er ingen av oss som har fasiten når nye prosjekt kjem på bordet. Akkurat det gjer til at vi har ein veldig variert og spennande kvardag!» Dei pratar i munnen på kvarande og er samtidig forunderleg samstemt. «Medan vi les oss opp på prosjekt og studerer teikningar er stemninga aldri dårleg. Det er alltid rom for humor og kødd, men det går aldri utover seriøsiteten i det vi gjer. Vi diskuterer, men det går aldri ei kule varmt!»

Her kan eg vere 100% meg sjølv
— GEIR JONNY

Plassjefen går forbi og skyt inn: «Desse fire du har samla her er veldig flinke på sine område. Dei har rett og slett vorte spesialistar! Dei er svært sjølvstendige og har ein kunnskap som er unik, og den er det ikkje mange som har!» Intet å klage på da altså, Hans Olav? «Nei eg vil heller seie på ein svært fin måte at desse fire er store bidragsytarar til den gode stemninga på bruket. Her kjem mykje galskap ut av desse hovuda her!» Han peikar på kvartetten som no har latterboksa på vidt gap!

Runar sjekker laserhovudet før start.

Vi har same humor, same alder, same referansane og vi har eit fagleg rom oss imellom som gir ein fin dynamikk mellom robotisert og manuelt arbeid!
— RUNAR

Runar er telemarkingen som har besteforeldre frå Åheim og fant kjærleiken i ei frå Slagnes. Slagnes er neset ein ser bort på over fjorden frå Fiskåholmen. Han tok TIP på den vidaregåande skulen i Dalen i Telemark. Deretter vart Runar sveiselærling hjå IKM Maskinering, men då han fann den store kjærleiken i løpet av ein sommarferie på Åheim, vart lærlingtida omrokert til Vard i Søvika. Dei flytta til Åheim i 2011, samtidig som Runar starta på Båtbygg på Raudeberg. Hans Olav som er plassjef og er frå Rovde har sine kontaktar over heile Vanylven, så han hadde høyrt rykte om ein dyktig kar frå Åmot. Runar begynte i Prodtex i 2023 som bas, men fekk like før jul tittelen arbeidsleiar i produksjonen. «Det gjeld å vere eit steg føre og koordinere det som skal gjerast for at arbeidsflyten skal bli god. Stein Morten og eg har eit godt samarbeid. Han har ein enorm kompetanse og erfaring som eg nyt godt av. Vi fylgjer opp alt av arbeid i produksjonen. Vi har litt kontroll på alt og sikrar at alt blir gjort og at prioriteringane er rett.»

«Her kan eg vere 100% meg sjølv!» seier Geir Jonny. Dei tre andre nikkar bekreftande. «Vi har same humor, same alder, same referansane og vi har eit fagleg rom oss imellom som gir ein fin dynamikk mellom robotisert og manuelt arbeid!» skyt Runar inn. «Ei god oppsummering, synest eg. Eg har aldri jobba på ein plass med betre arbeidsmiljø,» konkluderer Mathias. «Og humoren er berre elendig!» flirar Jonas. «Vi har ein god kjemi og eg er svært takknemleg over å få jobbe ilag med folk som er så rå på sine fagfelt.»

Mathias har si utdanning frå TIP og Industrimekanikarlinja i Ørsta. Han for vidare til Rolls-Royce i Ulsteinvik der han vart lærling og tok fagbrev som industrimekanikar i 2015. Mathias var innom både Knardal Maskin AS og MOWI AS, før han starta i P.E. Bjørdal i 2017. Han var der i tre år før han vart tilsett nr. 5 på Fiskå, då Prodtex starta opp. Mathias er bas på robotlinja og driv mykje med programmering og intern logistikk både på holmen og til avdelinga på Kleven. «Her er mykje som skal fungere for at ting skal fungere, for å seie det sånn. Robotane skal gjere sin jobb, på gantryen (ein ekstern aksedrift til robot(ane)) skal robotane flytte seg internt eller gantryen skal flytte på robotane alt ettersom kva jobb den skal gjere på produktet. Alt skal klaffe og funke. Somme dagar går som ein draum, andre dagar kan vere litt verre. Eg har ein svært travel, spanande, kjekk og utfordrande jobb, og eg ville ikkje ha hatt det noko annleis!» avsluttar Mathias.

Og humoren er berre elendig! Vi har ein god kjemi og eg er svært takknemleg over å få jobbe ilag med folk som er så rå på sine fagfelt.
— JONAS

Jonas i full gong med å hjelpe til med å flytte ut merdmodular. Foto: Rikke Paulsen Dalsbø

Runar må dele ei god historie om korleis dei har det ilag: «Eg har ADHD og tek medisin for dette. Geir Jonny kjem bort til meg ein dag og ser meg rett inn i augene og seier: «He du tatt tabletten din i dag?» «Nei,» svarte eg. «Bra, vi treng alt vi har av energi til å få gjort det vi skal no!» Latteren hjallar i veggane i kantina. Å få vere seg sjølv og ha humor på det meste og bruke det til noko positivt – det er eit val desse karane har gjort i sin arbeidskvardag. For ei rausheit!

Eg har aldri jobba på ein plass med betre arbeidsmiljø!
— MATHIAS

Jonas gjekk fyrst elektro, så to år med automasjon i Ørsta. I 2015 begynte han som teknisk assistent innan automasjon hjå Stadt AS i Gjerdsvika. Her fekk han reise over heile verda og feira 20-års dagen sin på ei øy utanfor Kina. Han var innom Kleven i Ulsteinvik eit par år, før han starta på automasjon ved Fagskulen i Ålesund i 2018. Etter dette var han på Rovde Møbel & Design i tre år før han starta hjå Prodtex i 2023. Her jobbar han som potet, men det står automatikar i stillingsbeskrivinga. «Potet er heilt klart den beste beskrivinga på det eg gjer her!» smiler Jonas «Han er eit lite naturtalent i å køyre multiwheeler og er særs praktisk anlagt!» skyt Runar inn. Jonas sjølv syns det er viktig å plagast litt, då får ein forska på korleis ting verkar! «Eg er innom både elektro og mekanikk kvar dag i jobben min. Eg jobbar veldig variert og her er berre spanande prosjekt.» Han har også kjøpt seg eit spanande prosjekt på privaten; eit småbruk på Rovde. «Eg treng stor plass, eg har mange bilar og syklar og mykje anna dill. Så no pussar eg opp huset og det trengs! Ei som var innom telte 28 ulike tapetar og golvbelegg i huset!» Det blir, ikkje uventa, eit skrall med fliring rundt bordet.

100% seg sjølv. Seriøsitet. Rå på sine fagfelt. Elendig humor. Fiksar alt. Poteter.

Så dette får du når du blandar to lauvstadbygdarar, ein rovdestranding og ein vinbyggar.

Pur kvalitet.

Gutta ute på holmen, i hagl, men alltid i godt humør!

 
Toril Overå