Per & Angeir i hjartet på holmen

Vi har kome til sjølve hjartet på holmen. Viss noko stoppar opp her, blir det fort kaos. Vi snakkar om dei som reparerer, held ved like og ordnar det meste. Vi snakkar om Per og Angeir.

Per har vore her så lenge hallen har vore her. Han starta karrieren sin med å gå Jern og Metall i Måløy før han gjekk vidare på ei eittårig bilmekanikarlinje. Deretter var han innom Olivin på Åheim før han starta å jobbe ved Ulstein Verft på vedlikehald i 1972. Året etter hadde Vanylven kommune fått opp eit bygg på Fiskåholmen som dei kalla Vanylven Industriutleigebygg. Ulstein Verft leigde hallen for å bygge seksjonar til båtane sine. Per begynte å jobbe der same dag. Ulstein leigde hallen fram til 1976, då kjøpte dei den med tilhøyrande område. Medan Per hadde base her reiste han også rundt for dotterbedrifta, Ulstein Flextransport, og køyrde mobilkran.

Ulstein la ned drifta på holmen i 2015 og då tok Vanylven kommune over eigedomen igjen. Per jobba då som vaktmeister og heldt hallen og området rundt i hevd. Så kom det brått ei to år gamal bedrift i 2020 og ville halde hus her. Prodtex ville sjølvsagt ha med Per på laget.

Kunnskapsutvekslinga har vore gjensidig og vi har alltid respektert kvarandre. Det er som eit gamalt ekteskap nærast, men utan dei store kranglane. Det er verkeleg ein av dei plassane som eg alltid gler meg til å kome til. Per og Angeir er to flotte ambassadørar for både Prodtex og Vanylven!
— Svein Røren,Sveisereparatøren

«Eg er 73 år og eg kunne ha vore pensjonist på fulltid! Men her er så utruleg godt miljø og teknologien er så spanande at eg er her enda, eg!» haukar Per. «Men eg må berre seie at eg er ikkje redd for kva som skjer når eg gir meg. Eg veit at Angeir står støtt i seg sjølv. Han er svært allsidig og dyktig i faget! I tillegg er han roleg og let seg ikkje vippe av pinnen om det dreg seg til!» slår Per fast.

Angeir smiler lunt i retur: «Han er eit levande leksikon og eg kan spør han om alt! Per er vel den sjuande - eller kanskje den åttande far i huset her på holmen! Vi får henge han opp i eit horn når han vil pensjonere seg, slik at vi får nyte godt av kunnskapen hans ei stund til!»

Angeir og Per har kjent kvarandre i 40 år og har tidlegare jobba ilag i 25 år! No er dei saman igjen og det er heilt som det skal vere. «Eg set stor pris på å vere her igjen» seier Angeir. «Vi har ein spesiell arbeidsflyt oss imellom. Vi har aldri krangla om noko som helst.» «Her er ikkje noko tilgjort. Vi berre gjer det vi skal og hjelp kvarandre når det trengs. Heilt naturleg!» skyt Per inn.

Angeir starta på karrierevegen sin med Grunnkurs i Maskin og Mekanikk i 1984. Same året starta han hjå Ulstein på Fiskåholmen. Etter fem år hadde han fagbrev som platearbeidar og året etter byrja han på vedlikehaldsavdelinga ilag med Per. Her var dei ilag i 25 år til Ulstein la ned. Angeir følgde med til vedlikehaldsavdelinga på Ulstein Verft og har jobba der til han kom tilbake til hallen og holmen i år.

Men eg må berre seie at eg er ikkje redd for kva som skjer når eg gir meg. Eg veit at Angeir står støtt i seg sjølv. Han er svært allsidig og dyktig i faget! I tillegg er han roleg og let seg ikkje vippe av pinnen om det dreg seg til!
— Per om Angeir

Dei reparerer og held ved like alt som er her. Verktøy, løfteutstyr, sveisemaskiner, hydraulisk utstyr, kranar og alt av rullande materiell. Dei har svært mykje å gjere kvar dag. Anlegget går 24/7 og her er 90 mann i arbeid i hallen gjennom døgnet. Det seier seg sjølv at hallen hadde fått problem om gutta på vedlikehald låste døra og gjekk. Vedlikehaldssystemet på dataen er ei ny verd og noko som gjer kvardagen enklare. Den melder ifrå når utstyr må sjekkast eller haldast ved like. Dei kvitterer ut ved utført oppgåve og legg inn ny kontroll. «Før i tida måtte ein huske slikt sjølv eller føre ei sirleg loggbok. Det er heilt greitt å sleppe det!» humrar Per.

Svein Røren som driv Sveisereparatøren i Dragsund seier dette om desse to: «Eg har kjent begge to i alle dei år, og det er to fantastiske karar! Vi har hatt eit unikt samarbeid og vi har alltid følt oss hjarteleg velkomne! Dei er to ypperlege representantar for yrket sitt og eg er takknemleg over å kjenne dei.»

Sveisereparatøren er eit firma som i hovudsak driv med sal og service av sveiseutstyr og tilbehøyr. Dei sel også arbeidsklede. Dei er ein viktig samarbeidspartner når det kjem til den tradisjonelle sveisemetoden. Dei stiller med djuptgåande kunnskap, delar og utstyr når Prodtex treng det. «Kunnskapsutvekslinga har vore gjensidig og vi har alltid respektert kvarandre. Det er som eit gamalt ekteskap nærast, men utan dei store kranglane. Det er verkeleg ein av dei plassane som eg alltid gler meg til å kome til. Per og Angeir er to flotte ambassadørar for både Prodtex og Vanylven!» avsluttar Svein.

Hektisk. Interessant. Kjekke kollegaer. Godt team. Ei lett oppsummering over kvifor dei trivast her på holmen. «Det som er spesielt er at desse ungdomane som jobbar her er så utruleg inkluderande og kjekke mot oss som er eldre. Det set vi stor pris på!» fortel Per. «Her er heilt klart eit kvikkare miljø fordi her er så mange ungdomar her. Dei held oss på alerten og det blir mykje humor og fliring. Sjølv på dagar med mykje utfordringar i produksjonen er det god stemning. Vi har fokus på å løyse utfordringane. Gamle og nye hovud ilag - då går det bra til slutt!» seier Angeir.

Han er eit levande leksikon og eg kan spør han om alt! Per er vel den sjuande - eller kanskje den åttande far i huset her på holmen! Vi får henge han opp i eit horn når han vil pensjonere seg, slik at vi får nyte godt av kunnskapen hans ei stund til!
— Angeir om Per

«Ein skulle tru Per var berre 20 år!» seier to av ungdomane. «Han er alltid blid, positiv og hjelpsam! Og Angeir er akkurat på same måten. Han fiksar det meste og alltid med ei ro og eit smil! Dei er to poteter som har full kontroll på heile holmen! Angeir er eit petimeter som gjer at lageret er heile tida på stell. Det er alltid små og store ting som krev at vi treng hjelpa frå desse to og det er gull verdt! Men det må seiast ein ting: Per kan det meste, men ikkje data altså!» avsluttar dei flirande.

Ungdomen har talt. Men er verkstaden alltid i godlune?

«Per blir kun sur når verktøy ikkje blir lagt på plass eller om noko forsvinn frå verkstaden. Elles er han alltid blid! Og eg vil påstå at han har heldt ut med meg i alle desse åra kun fordi han er så utruleg tolmodig!» flirar Angeir.

Hjartet på holmen er som de høyrer høgst velfungerande!

Det distribuerer næring, hjelp, varme og ro til alle som kjem innom.

Akkurat slik eit hjarte skal gjere.

 
Toril Overå