Jostein, Rune & skapartrongen

“Vårt ynskje om å skape kan føre til mykje grubling og ei vakenatt innimellom. Vi prøver verkeleg å strekke grensene på kva som er mogleg, men heller ikkje vi kan oppheve tyngdekrafta eller endre eigenvekta på stål. Sjølv om det hadde vore svært kjekt til tider!” Jostein og Rune flirer godt ved tanken.

Evna til å føre ein idé i mål frå teiknebordet til eit velfungerande produkt eller prosess er ikkje gitt for alle. Men vi har ei kjensle av at designargjengen i Prodtex har fått utdelt litt fleire evner når det kjem til å kunne materialisere idear ut i livet!

Jostein og teamet i Prodtex tok i mot denne utfordringa med opne armar og samarbeidet med Prodtex har vore perfekt frå dag ein.
— Per Røed, Chief Technical Officer, Provaris Norge

Jostein starta karriera si midt på 80-talet ved å jobbe fire år på maskinverkstaden til Myklebust Verft. Her tok han fagbrev som maskinarbeidar. Han gjekk vidare til teknisk fagskule og enda opp som sivilingeniør innan maskin frå NTH. Etter dette har han jobba med produktutvikling, konstruksjon og styrkeberekningar. Jostein har jobba som sjølvstendig sivilingeniør  i 12 år av si karriere, men har vore tilsett både hjå Odim, Ulmatec og Kleven før han vart med på oppstarten av Prodtex i 2018.

«Jostein og eg jobbar no på prototypen på hydrogentankane til Provaris. Denne er forholdsvis liten i forhold til originalen, men den gir oss moglegheita til å teste ut ein heilt unik produksjonsteknologi som er under patentering. Denne teknologien gjer at vi sannsynlegvis er dei einaste i verda som kan bygge desse tankane!» smiler Rune.

Provaris Energy er eit australsk selskap som har vore tidleg ute med lagring og transport av hydrogen. Når det gjeld hydrogen som energikjelde har dei fokus på grøne løysingar. Det er eit svært spanande prosjekt Provaris og Prodtex har starta på og designarane har fått utfordra seg i prosessen med å bidra i den nye produksjonsteknologien som må til for å kunne produsere desse tankane.

Denne teknologien gjer at vi sannsynlegvis er dei einaste i verda som kan bygge desse tankane!
— Rune

Prototypen har ein diameter på 2,5 meter og ei lengde på 8 meter. Godstjukkelsen er på ca. 60 mm. Dimensjonane på dei endelege tankane er formidable: dei skal vere 135 meter lange med ein diameter på 12 meter og ein godstjukkelse på 350 mm. Prototypen skal gjennom ein utmattingstest der den skal trykksettast til arbeidstrykk 25 000 gongar. Til slutt skal tanken trykksettast til den blir sprengt. Utmattingstestane skal gjerast i samarbeid med SINTEF.

«Vi er ein skikkeleg fin gjeng som består av både erfarne og nyutdanna, noko som gir ein god kombinasjon av kunnskap og innfallsvinklar til problemstillingar som kjem opp. I tillegg er det svært kjekt at vi har fleire kvinnelege designarar med i teamet vårt!» seier Jostein entusiastisk. Han er Chief Designer og har ansvaret for heile designgruppa. «Å få vere med på satsinga av laserteknologien er eit stort eventyr! Vi ser at den gir oss utruleg mange fleire moglegheiter når vi skal skape nye produkt enn den vanlege sveiseteknologien.»

Rune er designingeniør hjå Prodtex og starta si faglege reise som TAF-elev på Ulstein vidaregåande skule.  Rune tok deretter fagbrev som verktymakar i Vik Ørsta, før turen gjekk til Trondheim og sivilingeniørstudiet i Produktutvikling & produksjon på NTNU. Han har jobba i SINTEF Manufacturing innan produksjonsteknikk (3D print og robotikk) og deretter PE Bjørdal før han kom til Prodtex i år.

Jostein og Rune hadde møtt kvarandre før gjennom eit prosjekt i PE Bjørdal. Og Arild, eit anna medlem av Team Prodtex, hadde møtt Rune då han hadde sommarjobb på Kongsberg Maritime fleire somrar på rad. Både Arild og Jostein hadde vorte imponert over Rune gjennom desse møta.

På seg sjølv kjenner ein andre seier vi då! Det kan sjå ut til at ein ikkje blir designar, men at ein er født med denne skapartrongen i seg! Ein designar har eigenskapar til å sjå inn i framtida. Ein ide blir skapt og designaren må sjå for seg korleis ideen skal kunne fungere og virke i det verkelege liv. Ein må sjå løysingar -men ikkje minst, prøve og feile og prøve igjen. Designprosessen tek lenger tid enn produksjonsprosessen, så ein jobbar alltid samtidig med produksjonen.

Dette er rett og slett ein draumesituasjon for meg. Å få utvikle meg fagleg i eit miljø eg gleda meg til å møte opp i kvar dag!
— Jostein

«Vi har eit svært kompetent produksjonsteam,» seier Rune. «Samarbeidet mellom oss designarane og produksjonen er god. Tidleg i ein designprosess er det nokon gongar vanskeleg å sjå kva som er liv laga av det vi har teikna og skissert. Difor er dynamikken mellom oss og produksjonen så utruleg viktig. Dei kjem med sin viktige kompetanse der det trengs og vi justerer og endrar designet så det blir optimalisert for produksjon.»

Per Røed er Chief Technical Officer ved Provaris sitt kontor i Oslo. Han har kun lovord å seie om samarbeidet med Prodtex: «Vi har jobba med utvikling av hydrogentankane sidan 2019. Vi gav designarane hjå Prodtex ei utfordring om å finne ei løysing der tankane kunne byggast automatisert og kostnadseffektivt, samtidig med at sikkerheitsprinsippa for tanken vart overhaldne. Jostein og teamet i Prodtex tok i mot denne utfordringa med opne armar og samarbeidet med Prodtex har vore perfekt frå dag ein. Dei har stått på og funne kreative løysingar med robotar, laser og diverse materiale, som gir oss moglegheita til å redusere stålvekt, konstruksjonstid og -kostnader.»

Det er imponerande å høyre om teknologien dei skal bruke på hydrogentanken og den kjem som eit resultat av eit tett samarbeid mellom Prodtex og Provaris. Patent pending!

«Designteamet er unikt. Dei står på langt utover det ein kan forvente. Folk har skyvd på både feriar og andre private hendingar for å gjennomføre prosjekt. Eg er stolt over å vere ansvarleg for slike dedikerte kollegaer! Arbeidsmiljøet er godt og det gjer til at både prosjektgjennomføringa og kvaliteten vert framifrå. Vi prøvar å legge til rette slik at kvar enkelt får utvikle seg og i hovudsak jobbe med det ein trivst med. Målet er å dyrke fram det beste i kvar enkelt. Dette er rett og slett ein draumesituasjon for meg,» smiler Jostein «Å få utvikle meg fagleg i eit miljø eg gler meg til å møte opp i kvar dag!»

Skapartrongen er som de høyrer høgst oppegåande her på bruket.

Oppskrifta ser ut til å vere ein kombinasjon av eigenskapar som inneber å vere fryktlaus, raus, samarbeidsvillig og det å ha positivitet som default!



Foto av Elverhøy bru er tatt av Andreas Eidem, Statens Vegvesen.

 
Toril Overå