Sigbjørn, Krzysztof & alle overflatene


«Det er ikkje noko som er umogleg!» Kommentaren kjem susande ut av desse to dyktige karane, kvar for seg, når eg fotfylgjer dei rundt på holmen ein solrik dag i november. «Det krev berre meir fundering og det å tenke annleis og utanfor A4-arket.» Det å ikkje gje seg på tørre møkja er visst ganske så forklarande for både Sigbjørn og Krzysztof. Det kjem fram dess meir vi pratar og diskuterer.

Tospannet har følgt kvarandre sidan 2007 og i år er begge å finne på Fiskåholmen. Malingsarbeidet har aldri vore i tryggare hender.

Sigbjørn var innom sjømannslivet før malingsfaget fekk hans fulle interesse. Etter å ha tatt fagbrev og Frosio utdanning i malingsfaget landa han og vart verande i skipsbyggarindustrien i over 35 år. Dei fyrste åra var han stasjonert på Eikrem & Valde AS før han gjekk vidare til Kleven og Myklebust. Han kom tilbake til Kleven som teknisk ingeniør i 2015, før han i sommar starta i Prodtex som avdelingsleiar for overflatebehandling. Sigbjørn har i tillegg jobba med byggetilsyn av båtar og i den tenesta har han reist rundt i heile verda. Inspeksjonar innanfor malingsfaget  har han også gjennomført. I dag sit han og som leiar for opplæringsnemnda innanfor faget sitt i Møre & Romsdal.

«Eg trudde kanskje at eg kom til å sakne skipsbygginga, sidan eg er så glad i skipsbygging! Men eg angrar absolutt ikkje på at eg begynte i Prodtex. Folket, miljøet og måten dei arbeidar på er veldig bra! Og denne nye lasersveisteknologien, den er liv laga!» konkluderer Sigbjørn.

Vi stortrivast med nye utfordringar som vi ikkje har vore borti før! Det er ikkje kjedeleg eller monotont ein einaste dag her!
— Sigbjørn

Malingsfaget er ein heil vitskap som krev tolmod, nøyaktigheit og ein stor sans for detaljar. Ei overflate skal inspiserast fleirfaldige gongar frå stålet er sveisa i hop til produktet står klar til levering. Det krev spesielle eigenskapar av dei som har dette til sin jobb; å aldri bli likegyldig eller ta sjansen på å oversjå eller hoppe over ein gjennomgang. År etter år. Leveranse etter leveranse.

Krzysztof jobbar som formann for overflatebehandling hjå Prodtex, men begynte si karriere ved skipsverftet Remontowa i Gdansk. Her dreiv han med sandblåsing og maling i 10 år, og i fire av dei var han formann. Han var innom skipsreparasjonsverftet ASRY i Bahrain i Saudi Arabia, men det vart for varmt. Så då tok han fatt på ei sju år lang reise på dei sju hav på ulike skip. Deretter var Krzysztof innom Hitachi Zosen Shipyard i Singapore, Mhullam i Polen og Kleven i Ulsteinvik – før Sigbjørn fekk han med seg over til Myklebust i 2007.

«Krzysztof er ein type som ikkje veks på tre. Han er svært dyktig fagleg og løyser så å seie umoglege oppgåver. Ein kvalitetsmann på alle måtar,» seier Sigbjørn når vi sit rundt bordet. Krzysztof peikar rett tilbake på Sigbjørn og det blir utveksla ein god latter.

Prodtex prøvar no ut laserreins for å sjå om dette kan ta over for sandblåsing. Ei svært spanande satsing som vil gi eit resultat utan sand, støv eller noko form for avfall. Dette er sjølvsagt eit særs godt miljøvennleg alternativ på alle måtar både når det kjem til nullutslepp av partiklar, men også straumbruk og HMS.

Overflatebehandling handlar om reingjering og klargjering av ståloverflatene til anten maling eller ei eller anna form for sluttbehandling. Det er tradisjonelt brukt sandblåsing og ultrajet (vatn) for å reinse overflatene for alt av sveiseprodukt, feittflekkar og andre forureiningar. Alt dette for at maling skal kunne hefte på stålet.

Prodtex prøvar no ut laserreins for å sjå om dette kan ta over for sandblåsing. Ei svært spanande satsing som vil gi eit resultat utan sand, støv eller noko form for avfall. Dette er sjølvsagt eit særs godt miljøvennleg alternativ på alle måtar, både når det kjem til nullutslepp av partiklar, men også straumbruk og HMS.

Alle bruelementa i Elverhøy Bru vart laserreinsa. Deretter vart dei mala med eit spesielt malingsbelegg. På køyreflata vart det brukt SafeGrip som vil sørge for god heft mellom stålet og asfalten. Like før jula ringast inn seiest det at dei fyrste bilane skal køyre over brua på riksveg 70 i Sunndalen - verdas fyrste laserreinsa bru og den lengste lasersveiste brua – i verda! Laserteknologien strikes again!

«Arbeidarane som er her i dag er svært dyktige og vi er veldig fornøgde med dei!» skryt Sigbjørn. Arbeidarane som utfører denne nitidige og viktige jobben er innleigd frå Westcoat. Målet på sikt er å ha ein eigen gjeng som gjer dette arbeidet.

«Det er svært mykje som skjer i produksjonen for tida, og vi har delar og ferdige produkt som fyller opp heile hallen og området utanfor. Vi ynskjer oss eigentleg ein snøfri vinter og helst 25 grader,» flirar Krzysztof. «Vi jobbar med å få laga til eit kart over uteområdet og kvar dei ulike delane ligg. Då veit vi kvar vi skal starte å grave når dei ligg dekt med snø. For vi må vel berre innsjå at snøen, den kjem. Men vi ser ikkje mørkt på det, vi er så heldige at vi ser fram til jobb kvar dag, det er ikkje alle som kan seie!» avsluttar Krzysztof.

Eit godt sluttprodukt er avhengig av god informasjonsflyt, openheit og eit ynskje frå begge partar om å løyse dei utfordringane som kjem. Vi har eit svært godt og tett samarbeid med Sigbjørn og resten av gjengen her.
— Christian Beinset, Sales Executive - Marine Norway, Jotun

«Merdane er eit vanvitig spanande prosjekt,» kjem det frå Sigbjørn. «Modulane har ei kompleks oppbygging der alle delar har ulike fargesystem og krav. Dette gjer at ein må lage eit godt system slik at logistikken går opp. Ein del skal tole sjøvatn, ein annan del skal gi godt underlag for å kunne gå og jobbe, medan andre delar krev anna type behandling. Og alle lag skal inspiserast og godkjennast før neste lag blir lagt på. Vi stortrivast med nye utfordringar som vi ikkje har vore borti før! Det er ikkje kjedeleg eller monotont ein einaste dag her!»

Slike prosjekt set også andre krav til oppfølging og samarbeid med underleverandørar. Jotun er ein viktig partner når det kjem til overflatebehandling og dei har vore stasjonert med avdelingskontor i Ulsteinvik i mange år. Det er viktig at den lokale kompetansen og tenestene blir ivaretatt, difor handlar Prodtex mest mogleg lokalt når dei gjer innkjøp av varer, service og tenester. Miljøet i malingsfaget er lite, både nasjonalt og internasjonalt, så eit godt samarbeid med dei leverandørane som har dei beste produkta er alfa og omega. Christian Beinset er Sales Executive Marine Norway for Jotun og er her for å inspisere nokre merdmodular. Vi får oss ein kjekk prat med han om samarbeidet med Sigbjørn, Krzysztof og Prodtex:

«Lasersveisteknologien er ikkje heilt ny for oss, men laserreinsen er. Eit godt sluttprodukt er avhengig av god informasjonsflyt, openheit og eit ynskje frå begge partar om å løyse dei utfordringane som kjem. Vi har eit svært godt og tett samarbeid med Sigbjørn og resten av gjengen her.» Christian og Sigbjørn har kjent kvarandre sidan 2015, så det er rett på sak og ærlege tilbakemeldingar begge vegar ved kvart møte.

«Laserreinsen er ikkje standardisert slik som sandblåsing og ultrahøytrykk vassjetting er. Medan sandblåsing gir ei ru overflate, tilfører hverken ultrahøytrykk vassjetting eller laserreinsen noko ruheit til overflata. Difor kan vi dra paralleller mellom desse to forbehandlingsmetodene når ein har funne malingssystem for stålet som er reinsa med laser. Vi er heilt avhengig av at kjøpar brukar produkta våre rett for å sikre eit godt sluttresultat. På Prodtex får eg innsikt i prosessane og teknologien, noko som gjer at eg kan gi dei beste råda utifrå mi kompetanse.»  avsluttar Christian. «Det beste er at eg veit at Christian stiller opp uansett kva tid vi treng det. Det er ei tryggheit når vi arbeider både natt og dag for å kome i mål med leveransane våre,» skyt Sigbjørn inn.

Det er svært mykje som skjer i produksjonen for tida, og vi har delar og ferdige produkt som fyller opp heile hallen og området utanfor. Vi ynskjer oss eigentleg ein snøfri vinter og helst 25 grader!
— Krzysztof

Positivitet. Innsikt. Openheit. Løyse utfordringar. Alt dette har også Sigbjørn følt i sitt private liv. I 2002 vart han feiloperert og vakna med lammelsar i begge føtene. Rullestol vart den nye kvardagen og legane ga han null håp om at han kunne klare å gå igjen. Etter mange mislykka opphald på rehabiliteringsinstitusjonar vart han sendt til eit senter på Beitostølen. Sigbjørn sjølv mente at det var fånyttes å sende han dit, då beina aldri kom til å bere han igjen. Men ein busslast med handikappa ungar og ein sta nyutdanna sjukepleiar vrei han over på andre tankar.

Han vart liggande våken den natta, etter å ha sett borna si livsglede til tross for sine handikap og utfordringar. Sigbjørn bestemte seg den natta at han skulle gå igjen. Nettopp for å ære desse ungane som ikkje hadde noko val utifrå dei skadane dei hadde fått. Neste morgon hang han i toppen av klatreveggen - og den mentale og fysiske kampen var igong! «Den bagasjen eg har med meg frå denne opplevinga, brukar eg i jobben og i faget mitt. Det finnast altså ikkje noko som er umogleg, det tek berre noko meir tid eller litt meir gnauring!»

Og målingsarbeidet på Fiskåholmen er i dei beste hender.

Dei umoglege overflatene må berre gi seg over.

To kloke menn sørgjer for det.

 
Toril Overå