Ho mor på Fiskåholmen

Det er kun smil og latter når vi møter Marian ute i strålande sol på holmen. Dette er sjølvaste mora på Fiskåholmen. Ho passar på at alle har det bra! «Det er eit ungt arbeidsmiljø med oss. Det gir oss andre som har kome litt opp i alder både piff og inspirasjon! Her har vi god tone mellom alle og mykje varme og omsorg. Ingenting er noko problem og ikkje ein dag er lik. No er her haugen på med jobb, og då er det desto viktigare at vi er rause med og tek vare på kvarandre.»

Marian (52) kjem frå Rovde og er utdanna kokk. Ho har òg bakgrunn frå butikkarbeid og omsorgsyrket.

Karbonadene og sjokoladekaka hennar Marian er «to die for»!

På Fiskå har ho mellom anna ansvaret for brakkeriggen. På brakkeriggen bur dei innleigde arbeidarane. Ho syt for at dei held romma sine i orden. Marian sørgjer for byte av sengekle og held fellesroma reine. På brakkeriggen er det 30 rom med eige bad. Elles er det felles kjøken, opphaldsrom, garderobe og WC. Her har det skjedd store ting i sommar: Store delar av brakkeriggen har vorte bygd om, noko som har resultert i eit eige tørrvarelager og kjølerom, nytt kjøken og vaskerom. Samt at toalettet har vorte pussa opp og opphaldsromet/kantina har vorte større.

På toppen av alt er det tilsett eigne kokkar. Kokkane kjem frå heimlandet til arbeidarane slik at det blir mat som dei set pris på. Dei får alle måltid servert i kantina; frukost, lunsj, kaffimat og middag. «Dette gjerast for å gjere opphaldet til arbeidarane til ei betre oppleving på alle måtar. Det å få tillaga middag, istadanfor at 20-30 stykk skal lage sin eigen mat når arbeidsdagen er over, gjer stor forskjel. Det å kome til dekka bord gjer livet enklare og meir lystbetont. Dette gjer Prodtex meir attraktivt som arbeidsplass og vil forhåpentlegvis hjelpe oss til å få tak i dei beste arbeidarane. Når dei innleigde har det bra, yter dei maksimalt, slik at vi får gjort det vi skal i hallen! Det er ein vinn-vinn situasjon.»

Ho er uunnverleg og ordnar alt for oss! Men vi får ein god del kjeft også. Men det treng vi sikkert!

For dei tilsette i Prodtex Industri syter ho for reinhaldet, utlevering av arbeidskle, adgangskort, timelister og tek opp varebestillingar. Marian har med sine kokkeleringsgåver også til oppgåve å lage møtemat og lunsj når det kjem besøk.

“Karbonadene og sjokoladekaka hennar Marian er «to die for»,” blir det sagt ved lunsjbordet. «Ho er uunnverleg og ordnar alt for oss! Men vi får ein god del kjeft også. Men det treng vi sikkert!» kjem det frå ein i forbifarta. Latteren som utløysast understrekar at det er det fleire som er einige i. Men omsorg kombinert med kjeft er vel sjølve definisjonen på kjærleik, er det ikkje?

«Eg likar at folk har det bra og at det er fint rundt meg. Vi må halde ting i orden på holmen i respekt for arbeidsgjevar. Det er alltid mykje trivelegare når alt er på stell!»

Siste uttale frå Marian, men vi veit at siste ord er absolutt ikkje sagt frå ho mor på Fiskåholmen.

 
Toril Overå