Lars Åge, Stein Morten & stålkontrollen

Team Prodtex skapar historie(r)! 

«Det har vore ei rivande utvikling i sveisemetodikken,» seier dei i kor! Lars Åge og Stein Morten sit med kaffikoppen i fanget og glimtet i auget.

Dei to ringrevane fortel om korleis det var å jobbe i stålindustrien for fleire tiår sidan: “Det å ta fagbrev som platearbeidar og sveisar på 90-talet handla om grov- og detaljutforming av ulike material og konstruksjonar. Det var sjølvstendig arbeid som krevde presisjon og ein god del estetikk. Det var hands-on arbeid og ein visste akkurat om og når arbeidet var gjort! Det var ingenting som virka utan at ein gjorde det for eiga maskin. Det var og er eit handverk som krev gode kne og sterke bicepsar!” Dei ler og prøver seg på ei posering.

“Det var mest elektrodesveising på denne tida. Det kunne nesten kven som helst halde på med. Medan dei med sveisesertifikat styrte med MIG- sveising, som er den tradisjonelle sveisemetoden som også er brukt idag. Ein platearbeidar kunne få teikningar av, for eksempel, ein seksjon av ein båt. Byggeprosessen var oppdelt i fleire delar. Sjølve monteringa av platene vart gjort ved hjelp av kraner og støtteelement. Platearbeidaren punktsveiste delane ihop, før sveisarane gjorde den endelege sveisejobben. Det er ikkje tvil om at robotsveising har gjort jobben mykje meir effektiv, men også tryggare for arbeidarane.” Det er eit stolt tospann som fortel om fortida si. Samtidig ser dei svært positivt på tida som kjem med ny og gamal teknologi hand i hand.

Sjølv om brubygging er nytt for desse karane, så er det ikkje noko som ikkje kan løysast.
— Cato Dørum, Statens vegvesen

MIG-sveising av bruelement. Den tradisjonelle sveisemetoden er blitt robotisert.

Statens vegvesen har vore ein sentral samarbeidspartner for Prodtex, heilt frå starten av. Bygging av ei gangbru i bygda Frønes i Fosen kommune var den fyrste lasersveiste brua i verda. Etter dette har Prodtex produsert ferdig den fyrste bilbrua til bruk i Tynset kommune, Ya bru. Elverhøy bru som skal til Sunndalen, blir ferdig i august/september 2023. Cato Dørum er sjefsingeniør i Statens Vegvesen og har dette å seie om samarbeidet: “Ein møter veldig erfarne personar i Prodtex! Arbeidsleiarane på Fiskå har mykje praktisk erfaring som visar att i at ting aldri stoppar opp. Sjølv om brubygging er nytt for desse karane, så er det ikkje noko som ikkje kan løysast. Kunnskap om det som no kan kallast “gamal” teknologi er heilt naudsynt for å forstå det nye. “

Vi er tilbake på kontoret i fyrste etasje på Prodtex Industri. Desse to arbeidsleiarane avgir svært mykje varme, humor og ikkje minst stålkontroll! Erfaring og omsorg er ein svært god kombinasjon som gjer at menneska som jobbar i produksjonen trivast, føler seg velkomen og ivareteken. «Dei er så tolmodige,» seier ein nytilsett «Og ein får alle moglegheiter til å utvikle seg og ein får mykje ansvar.» Dette er vel oppskrifta på å få eit blomstrande arbeidsmiljø vel? «Målet vårt er at alle skal trivast! Her har vi flat struktur. Alle pratar med alle, vi er alle likeverdige.» smiler Lars Åge.

Lars Åge og Stein Morten - med godt humør og stålkontroll!

Lars Åge (54) er frå Syvde og har vore her sidan oppstarten på Fiskå i 2020. Han har bakgrunn som platearbeidar, sveisar og arbeidsleiar i Kleven-systemet. Men har også vore sjømann og jobba som innkjøpar i Siem Offshore. «Å få lov til å følgje og vere med i den rivande utviklinga av sveisemetodikken, har vore og er, svært spanande. Det har gått frå manuell platesveis til programmert robotsveis. Dei som jobbar som robotoperatørar i dag, har som oftast ikkje fagbrev innan sveising, så tidene er forandra. Og vi er no kome dit at vi i mange tilfelle ikkje er avhengig av den “gamle” sveiseteknologien lenger, det blir tatt vare på gjennom programmeringa av roboten. Men ein treng uansett erfaring frå manuell sveising for å kunne plassere pistolvinklar, samt avpasse avstandar og fart for å få eit godt resultat,» seier Lars Åge.

Prodtex har som mål å automatisere det som kan automatiserast. Standardisering er nok nøkkelen til det.
— Stein Morten, arbeidsleiar, Prodtex

Montering av Ya-bru på Kvikne i Tynset kommune. Her ser ein dei to berande bjelkane, med sandwichdekket oppå.

Stein Morten (51) er frå Leikong og har vore tilsett både på Ulstein Verft, i Saltek og Kleven. Han har jobba som platearbeidar, arbeidsleiar og oppmålar. «Oppmåling kjem eg til å jobbe med her også, samtidig som eg er arbeidsleiar. Det er viktig at det vi produserar har dei dimensjonane og måla som står i spesifikasjonen vi skal bygge etter.” seier Stein Morten. “Prodtex har som mål å automatisere det som kan automatiserast. Standardisering er nok nøkkelen til det. Om dette skal verte mogleg i alle segment, må ein stette ulike krav. Samanstilling av store konstruksjonar er foreløpig vanskeleg å robotisere, men det kjem nok det også,» konkluderar Stein Morten.

Vi meiner at frykta for å miste arbeidsplassar i industrien har hindra utviklinga. Vi ser at det blir skapt fleire arbeidsplassar og ikkje omvendt.
— Lars Åge, arbeidsleiar, Prodtex

Ideell plassering! Frå Fiskåholmen er transport lett tilgjengeleg både via sjø og land!

“Stålbygging har vore veldig tradisjonelt i alle dei år. Vi meiner at frykta for å miste arbeidsplassar i industrien har hindra utviklinga. Vi ser at det blir skapt fleire arbeidsplassar og ikkje omvendt,” meiner Lars Åge. For det er ikkje berre dei faste tilsette som desse to er arbeidsleiarar for. Det jobbar også per i dag 21 innleigde personar her på Fiskåholmen. Etter sommaren blir dette talet auka til 45-50 personar, for då startar ein på monteringa av Elverhøy-bru. «Men før bruelementa er klar til montering skal dei transporterast via sjøvegen til Sunndalen. Det blir rått å sjå dei store bruelementa segle avgårde på ein lekter!» avsluttar Lars Åge og Stein Morten.

Frank Mellemsæther, er prosjektleiar i entreprenørselskapet Gjermundhaug Anlegg AS, og har samarbeida med Prodtex på Ya-bru på Kvikne i Tynset kommune. «Det har vore eit kjempebra samarbeid med Prodtex. Det er Lars Åge som eg har forholdt meg til. Han er ein dyktig mann,» fortel Frank. «Eg var på Fiskå på hausten i fjor og fekk sjå korleis ting fungerer i produksjonen. Eit samarbeid blir alltid betre når ein får sjansen til å forstå prosessane og møte menneska ein skal jobbe med over ei tidsperiode. No er Ya-bru sluttført! I byrjinga av juli 2023 asfalterte vi brua og opna for biltrafikk.»

Verdas fyrste lasersveiste bilbru - laga på ein holme i Vanylven! Vi let det henge i sveiserøyken!

 
Toril Overå