Tobias, Arild, Glenn & køyretøysperra Staut

Team Prodtex skapar historie(r)! 

Køyretøysperra Staut er eit resultat av behovet for å skape ei meir solid og driftssikker køyretøysperre rundt Regjeringskvartalet. Statsbygg skriv: “Rundt departementsbygningene skal det etableres perimetersikring med et ytre og et indre perimeter. For å sikre funksjonene i regjeringskvartalet vil det være behov for driftssikre, bevegelige kjøretøysperrer for å regulere trafikk inn og ut av området.”

Dei skriv vidare i pressemeldinga: “Det er kartlagt en rekke utfordringer knyttet til dynamiske kjøretøysperrer i nordisk klima. I allerede monterte løsninger har man erfart at det blir slitasje i form av salting, brøyting, erosjon, temperatursvingninger, dårlig drenering og vanninntrengning.”

Dette har altså Prodtex løyst på ein så god måte at vi no har starta på den fyrste leveransen av Staut.

Harald Aas i LUP (Leverandørsutviklingsprogrammet) seier: «Innovasjonspartnerskapet "Staut - kjøretøysperrer til å stole på" er det raskeste som er gjennomført i Norge; raskeste konkurransegjennomføring, raskeste utviklingsløp og det raskeste kjøpet. Når vi tillegg ser hvilket resultat det har gitt av innovasjon og næringsvekst er det intet annet enn imponerende, og et bevis på at denne ordningen fungerer. Her har både oppdragsgiver og leverandører vist mot, risikovillighet og smidighet. Det er de viktigste ingrediensene når man utvikler nye og bedre løsninger. Vi gratulerer både Prodtex og Statsbygg med et vel gjennomført partnerskap, og er spent på å se hvor veien går videre; det er flere land som trenger kjøretøysperrer som tåler is, grus, salt og sand.»

Kontrakta har ein verdi på 26 MNOK og fyrste leveranse skal ut i 2023.

Køyretøysperra er testa ut ved VTI, Statens väg- och transportforskningsinstitut, i Linköping. Sjå videoen frå dei nedanfor.

NTNU SIMLab i Trondheim, har jobba med simuleringar og vurderingar rundt dei ekstreme belastningane dei nye køyretøysperrene skal kunne motstå.

Marius Botten, som har vore prosjektleiar for Staut i Statsbygg, syns at Prodtex solgte seg forsiktig inn når vi vart intervjua i dei innleiande rundene. «Men så har jo det vist seg at det berre var eit skalkeskjul!” seier han med eit smil. “ Prodtex har vore løysningsorienterte og svært påkopla. Dei har fanga kjapt opp signala våre både når det gjeld våre overordna behov og når ting har dukka opp undervegs. Det er tydeleg at dei har både praktisk og teoretisk erfaring. Dynamikken mellom oss har vore svært effektiv og fin! Samarbeidet har vore supert!»

Prodtex har vore løysningsorienterte og svært påkopla. Dei har fanga kjapt opp signala våre både når det gjeld våre overordna behov og når ting har dukka opp undervegs.
— Marius Botten, prosjektleiar, Statsbygg

Dette er altså slikt som skjer når fleire som er født med «spekulator» i hovudet, slår seg ihop! “Spekulatorane” i dette tilfellet heiter Tobias, Arild og Glenn. Vi set oss ned ilag med dei for å høyre kor denne historia vart til. Køyretøysperre altså, av alle ting?

Det var eit anna glupt hovud som fanga opp behovet for nye køyretøysperre hjå Statsbygg, i ein artikkel i Teknisk Ukeblad. I tøff konkurranse med ni andre produsentar starta eit løp med intervju, dialogmøter, skisser, tilbod og prekvalifisering. 

Alle tre “spekulatorane” har bakgrunn frå maritim industri. Så kvifor ikkje bruke den maritime erfaringa og kunnskapen til å beskytte Regjeringskvartalet?

Målet var å lage eit produkt som tålte det tøffe klimaet, var enkelt å vedlikehalde samt svært driftssikkert. I tillegg ville det vere viktig med ei mest mogleg digitalisert og robotisert produksjonslinje.

Det har og vore fokus på at Staut skal vere mest mogleg kortreist. Prodtex har for det meste brukt leverandørar som ligg innanfor ein radius på 1,5 time frå Ulsteinvik. Så Staut er 90% sunnmørsk!

Ingenting blir liggande og ingen er fornøgde før ein er i mål.
Eit unikt utviklingsmiljø!
— Tobias, vår prosjektleiar for Staut

Tobias (33) kjem frå Ørsta og er designingeniør. Det er han som har vore prosjektleiar for Staut i Prodtex. Han har bakgrunn som maskinarbeidar og produksjonsingeniør frå Kleven og Rolls Royce. Tobias fortel at det er dei tre med fleire, som har vore med i heile utviklingsprosessen frå A til Å. Det er dei som har designa, produsert og testa Staut - og han meiner at det er difor dei har fått til eit så godt produkt. Det er ingen kunnskap som forsvinn på vegen mellom teiknebord og produksjonshall. Ingen har sluppe taket og det har vore alle mann på dekk heile tida. Tobias meiner at den varierte erfaringa og tunge kompetansen alle i Prodtex-miljøet har, gjer utviklinga av nye produkt svært dynamisk. «Ingenting blir liggande og ingen er fornøgde før ein er i mål! Eit unikt utviklingsmiljø!» konkluderar Tobias med.

Jau, fordi utifrå kamelane kjem som oftast drivarane til noko nytt, ei anna løysing eller akkurat det ein trengte for å kome det vesle eller store kneppet vidare.
— Arild, senioringeniør Prodtex

Glenn (33) kjem frå Åmdalen og er designingeniør. Han har bakgrunn som energimontør, elektrikar og maskiningeniør frå Tussa/Mørenett og Hareid Group, i tillegg til kompetanse i antirust- behandling. Glenn har tidlegare uttalt at du kan ikkje jobbe i Prodtex viss du ikkje vil vere ein spydspiss innan innovasjon og nytenking. Han seier vidare at ein oppi dette forpliktar seg til å halde seg oppdatert på alt som skjer innan sitt område. I tillegg må ein tillate seg sjølv å tore å vere denne spydspissen! Det å ikkje legge lokk på evnene sine er svært viktig viss ein skal klare å få fram ny teknologi og nye produkt! «I Prodtex er Jantelova heldigvis fråverande,» seier Glenn med eit smil.

Arild og Ove Vestrum frå Forsvarsbygg, beundrar prototypen som er montert i Oslo.

Arild og Ove Vestrum, representant frå Forsvarsbygg, beundrar prototypen som står montert i Oslo.

Arild (62) kjem frå Djupvika, men er busett i Snipsøyrdalen. Han er senior produksjonsingeniør hjå oss. Arild har bakgrunn som serviceingeniør, reisemontør og innan leiing, med brei erfaring frå maskinering og montering. Han kjem frå det marine propulsjon-segmentet i Kongsberg Maritime (tidlegare UP og RR). Arild seier at dei har uendeleg takhøgde for idémyldring i Prodtex. Her er det lov å ta sjansar, tore å feile og svelge store mengder kamelar! Kvifor er dette så viktig? Jau, fordi utifrå kamelane kjem som oftast drivarane til noko nytt, ei anna løysing eller akkurat det ein trengte for å kome det vesle eller store kneppet vidare.

Det å ikkje legge lokk på evnene sine er svært viktig viss ein skal klare å få fram ny teknologi og nye produkt. I Prodtex er Jantelova heldigvis fråverande!
— Glenn, designingeniør Prodtex

Arild meiner at all produksjon i Noreg er ganske gammaldags. Ein må ha mot til å prøve nye måtar og å ta i bruk ny teknologi. Kunstig intelligens? «KI kan bli eit hjelpemiddel i både design og produksjon! Vi er på ballen allereie,» blunkar Arild.

Potensialet for «Staut», som forøvrig ser ut som den er tatt ut frå ein Marvel-film, er stort! Statsbygg meiner at dette innovasjonsprosjektet kan opne slusene til verdsmarknaden. Trioen er einig i det og meiner at når den funkar i Norge, så vil den mest sannsynleg funke overalt!

Viss du lurer på kva desse ser for seg i framtida av innovasjon så er det to ting dei drøymer om: Eit produkt som fungerer til vanns, til lands og i lufta! Samt rask molekylær samanstilling av metallprodukt! 

Litt av ein tenketank!

Vi gledar oss til å sjå kva andre produkt som kjem frå “spekulatorane” framover!

Innovasjonspartnerskapet “Staut - kjøretøysperrer til å stole på” er det raskeste som er gjennomført i Norge; raskeste konkurransegjennomføring, raskeste utviklingsløp og det raskeste kjøpet.
— Harlad Aas, Leverandørutviklingsprogrammet
 
Toril Overå