Herman & oppturen

«Han er vår fyrste lærling og vi er veldig stolte over å ha han med i teamet vårt!» seier administrerande direktør Sigbjørn. «Herman har vist stor læringsevne og arbeidskapasitet. Eg gler meg til å sjå utviklinga vidare og håper han blir verande etter at lærlingtida er over.»

Herman har aldri vore glad i skule, men meinte TIP (Teknikk og industriell produksjon) kunne vere noko for han, så fyrste året på vidaregåande vart gjennomført i Fosnavåg. Han gjekk vidare på Vg2 Kjøretøy og året etter starta han som lærling for å verte motorsykkelmekanikar. Dette fungerte ikkje så bra, så det vart eit friår i staden for. I mai 2022 fekk han tilbod om å verte lærling hjå Prodtex.

Eg har funne eit springbrett som gjer at eg ser positivt på framtida når det kjem til jobb og fagleg utvikling. Men det har også skjedd mykje med meg personleg. Eg har sett at eg har eigenskapar som betyr noko og at eg kan gjere ein forskjell i arbeidet mitt.
— HERMAN

Herman starta lærlingperioda si på Fiskå. Her fekk han prøve seg på det meste innan robotkøyring, sveising og mekanisk arbeid. I Prodtex er det ein god miks av ungdommeleg mot og gamal visdom. Denne kombinasjonen er uslåeleg når det kjem til kompetanseutveksling, idémyldring og evna til å løyse utfordringar. «Eg har opplevd eit svært inkluderande miljø og eg har fått tillit frå fyrste stund. Nokre av ideane eg har kome med har blitt ein realitet og det er utan tvil veldig motiverande. Eg kan ikkje hugse å ha fått kjeft i Prodtex!» smiler Herman.

Ein må legge til rette for ungdomen slik at dei føler meistring i det dei gjer. Ein må gje dei oppgåver som ein ser dei er gode på. Det byggjer opp sjølvtillita og dei får trua på at dei har ein eigenverdi.
— Arild

Lærling Herman omkransa av Sigbjørn og Arild

Lars Åge, avdelingsleiar på holmen, sit i desse dagar og melder opp Herman til fagprøva som Industrimekanikar. Han skal då gjennom ei firedelt oppgåve som inneheld både montering, rørlegging, sveising og maskinering. «Vi har inga opptrakka løype for ein lærling her hjå oss. Her vert ein inkludert i dei pågåande prosjekta og ein får oppgåver deretter. Herman har glidd godt inn i det unge og fine miljøet her. Dei har definitivt same humor heile gjengen her og då er mykje gjort for ein som kjem utanifrå,» humrar Lars Åge «Eg har stor tru på at alle dei som jobbar her skal føle seg sett. Det gjer både menneska og Prodtex betre. Dette er kanskje viktigare når ein kjem som lærling utan noko jobberfaring, og kanskje ikkje har hatt dei beste opplevingane i skulesystemet. Å bli sett gjer noko med oss, og eg håper at vi klarer det med samtlege.»

Medan vi lærer, så lærer Herman ilag med oss. Jantelova jobbar ikkje her, ho fekk sparken før ho nådde dørstokken. Når eg står fast, ber eg alle, inkludert Herman, om råd. Ingen blir utelukka av prosessane og utfordringane vi møter på.
— Glenn

Det er kanskje ikkje så mykje som kan slå kjensla av å meistre. Det å få gjere sjølvstendig arbeid er noko heilt spesielt. Herman seier at han har fått utvikle seg svært mykje i Prodtex: «Eg har funne eit springbrett som gjer at eg ser positivt på framtida når det kjem til jobb og fagleg utvikling. Men det har også skjedd mykje med meg personleg. Eg har sett at eg har eigenskapar som betyr noko og at eg kan gjere ein forskjell i arbeidet mitt.»

I haust vart Herman «stolen» frå Fiskå til Kleven for å bli med på bygginga av køyretøysperrene. «Eg har lært så mykje! Arild er heilt unik når det kjem til å sette folk i sving og det å få dei til å føle seg verdifulle i jobben dei gjer,» skryt Herman av ein av mentorane sine.

Vi har inga opptrakka løype for ein lærling. Her vert ein inkludert i dei pågåande prosjekta og ein får oppgåver deretter. Herman har glidd godt inn i det unge og fine miljøet her. Dei har definitivt same humor heile gjengen her og då er mykje gjort for ein som kjem utanifrå
— Lars Åge

Arild som er senior produksjonsingeniør, har denne filosofien når det kjem til å få menneske til å trivast i jobben sin: «Ein må legge til rette for ungdomen slik at dei føler meistring i det dei gjer. Ein må gje dei oppgåver som ein ser dei er gode på. Det byggjer opp sjølvtillita og dei får trua på at dei har ein eigenverdi. Dette fører til at dei også etter kvart vil meistre ting som før var vanskeleg. Lukkelege menneske på jobb gir eit godt arbeidsmiljø, og ikkje minst betre produkt! Herman har vist stå på vilje og stort engasjement for at vi skal kome i mål med sperrene. Han passar godt inn i teamet, utan tvil!»

Glenn har også fylgt Herman dei siste månadane: «Viss Herman hadde kome til ein annan plass som lærling, hadde det kanskje vore slik at det var nokon som skulle lære han spesifikke ting over tid, som skulle gjerast etter ein viss standard og på eit visst nivå. Her hjå oss er det ikkje slik. I Prodtex utviklar vi nye metodar og ny teknologi. Medan vi lærer, så lærer Herman ilag med oss. Jantelova jobbar ikkje her, ho fekk sparken før ho nådde dørstokken. Så når eg står fast, ber eg alle, inkludert Herman, om råd. Ingen blir utelukka av prosessane og utfordringane vi møter på. I møteromma i Japan er det dei med minst erfaring som får ordet fyrst. Dette for å hindre at nytenking og utvikling stoppar opp. Ein behøver ikkje erfaring for å ha gode idear!» 

Meistring. Inkludering. Sjølvtillit. Verdi. Utvikling.

Nokre ord som oppsummerer oppturen til Herman!

Fagprøva vinkar fram i og vi ynskjer lærlingen vår all mogleg lykke til! Vi har ei kjensle av det kjem til å gå svært bra!

Team Prodtex som har jobba med Staut! Øverst frå venstre: Tobias, Arild, Glenn, og Jon Christian. Nede frå venstre: Ole, Herman, Anders og Andreas.

 
Toril Overå